Å vere ein annan av Fernando Pessoa (Ebok)
Ebok

Å vere ein annan (Ebok)

poesi og prosa i utval

Serie: Skalds klassikarar 

Forfatter:

Øystein Vidnes (Oversetter)

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2022
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 2.66 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
Oversatt av: Vidnes, Øystein
Serie: Skalds klassikarar
ISBN/EAN: 9788279593447
Kategori: Romaner , Romaner og Skjønnlitteratur
Omtale Å vere ein annan
Fernando Pessoas forfattarskap er ein portugisisk nasjonalskatt, og sanneleg er det ei skattejakt vi er med på når vi skal dykke ned i eit livsverk som på slutten av Pessoas liv var ei stor kiste full av papir. Dei over 25 000 lause manuskriptsidene, gav ettertida gåter som enno ikkje er løyste. Pessoa la tekstane sine i munnen på fiktive forfattarar som han kalla heteronym - ei oppteljing viser 136 ulike fiktive forfattaridentitetar. Å vere ein annan er ei samling tekstar valt ut av omsetjar Øystein Vidnes som i mange år har arbeidd med Fernando Pessoas litterære verk. Tekstane er sett opp kronologisk og fører oss tett inn på dei mest kjende forfattarstemmene: gjetardiktaren Alberto Caeiro, futuristen Álvaro de Campos, klassisisten Ricardo Reis, den inneslutta drøymaren Bernardo Soares, den mangfaldige Fernando Pessoa sjølv og ei handfull andre. Med denne boka får vi eit levande utsnitt av mangfaldet i Pessoas verk, som viser korleis forfattaren i heimlandet både kan vere ein folkekjær diktar og ein nyskapande analytikar av det moderne sjølvet, ein som tok seg sjølv frå kvarandre for å studere bitane. Enkelte av tekstane har først sett lys dei siste åra, og er for ein stor del framleis ukjende for dei aller fleste lesarar utanfor Portugal. Den portugisiske forfattaren Fernando Pessoa (1888-1935) levde eit tilbaketrekt liv som kontorist i Lisboa, men er i dag rekna som ein av dei store europeiske modernistane, på linje med namn som James Joyce, Franz Kafka, Virginia Woolf og Robert Musil. På same måten som Joyce gjennom litteraturen sin er knytt til heimbyen Dublin, og Kafka til Praha, Woolf til London, Musil til Wien, er Pessoa uløyseleg knytt til Lisboa og til heimlandet Portugal, der han er eit folkekjært allemannseige.

Til toppen

Andre utgaver

Å vere ein annan
Nynorsk Fleksibind 2022
Bøker i serien