Apokalypse Oslo (Heftet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2012
Antall sider: 111
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252181692
Kategori: Politikk og samfunn
Omtale Apokalypse Oslo
Politisk pamflett om høgreekstrem retorikk før og etter 22.juli

Den nye boka, Apokalypse Oslo, følgjer tre greiner frå terroråtaka 22.7. Den første er det politiske manifestet til Anders Behring Breivik. Kvifor skreiv han eit politisk manifest? Og korleis skal vi forstå det? Den andre greina er anklagane retta mot Frp etter 22.7., der det vart påstått at Frp, spesielt i artikkelen «Drøm fra Disneyland», nytta same retorikk som Behring Breivik. Kva retorikk bruker Frp i «Drøm fra Disneyland»? Den siste greina er Frps handtering av anklagane. Har Frp ein appell til den ekstreme høgresida? Kva er i så fall denne appellen og korleis er den utforma? Korleis klarte Frp å behalde den etter 22.7.?

Stammen dei tre greinene veks frå er det særeigne, apokalyptiske synet på verda der gode krefter kjempar mot vonde, der heltar drep drakar om dei sjølve ikkje blir dolka i ryggen. Og rota dei tre greinene får næring frå, er trua på verdas undergang, apokalypsen.

Til toppen

Andre utgaver

Apokalypse Oslo
Nynorsk Ebok 2012

Flere bøker av Simon Malkenes: