Fem skuggar (Heftet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2020
Forlag: Aschehoug
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788203364877
Kategori: Romaner
Omtale Fem skuggar
Aisha og Said er barnesoldatar, men greier å rømme frå leiren utanfor Mogadishu i Somalia. Seinare møter dei Isir, Aaliyah og Khadar som flyktar frå det same.

Dei fem bestemmer seg for å halde saman og prøve å komme seg til Europa. Men korleis overleve i ei verd der ingen vil ha ein? Med ingenting anna enn kvarandre startar dei på ei reise som fører dei frå telta i flyktningleirane til lastebilar gjennom ørkenen, frå brutalt fangenskap til bølgjene i Middelhavet.


So kjem dei til Europa. Dei er på veg nordover, på jakt etter ein stad dei kan starte eit nytt liv.

Aisha slit med traume, ho prøver å finne ei ny historie om seg sjølv, men blir stadig minna på kven ho var før ho drog. Said kjenner ikkje lenger seg sjølv igjen, medan Khadar ikkje seier noko i det heile. Isir vel å fortelje dei historiene den nye verda vil høyre, men kva om den verkelege historia finnes i skuggane?

Det handlar om dei som mistar alt og flyktar til ingenting, men òg om håp, samhald og vennskap. Kven er du når ingen veit kven du er?

Til toppen

Andre utgaver

Fem skuggar
Nynorsk Innbundet 2018
Fem skuggar
Nynorsk Ebok 2018
Fem skuggar
Nynorsk Nedlastbar lydbok 2018
Fem skuggar
Nynorsk Lydbok-CD 2018

Flere bøker av Lars Petter Sveen: