Fjell bygdebok (Innbundet)

Bd. III

Serie: Fjell bygdebok 

Forfatter:

, , og

Forfatter: , , og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 608
Forlag: Fjell kommune
Språk: Nynorsk
Serie: Fjell bygdebok
ISBN/EAN: 9788251407113
Kategori: Historie
Omtale Fjell bygdebok
Dette bandet av Fjell bygdebok handlar om gardar og folk i den nordlege delen av dagens Fjell kommune. Gardane er: Eide, Kårtveit, Pollen, Angeltveit, Landro, Solsvika, Misje, Turøyna, Vindnes, Ågotnes, Spjeld og Fjæreide.
I tekst og bilete lèt gards- og slektshistoria oss møta strilar i Fjell som synlege einskildpersonar i ein heil historisk samanheng og over lang tid. Vi får lesa om menneske i kamp for utkomet, det vera seg på jakt med stuttorven etter dei minste grasstrå mellom bergnabbane, eller på jakt etter fisk og sild med garn og snøre, ridande i færingen på kvite bølgjer mellom båar og skjer. Vi møter også menneske i finstas og festhumør. Mang ein lesar vil finna slektningar i dei omfattande slektssogene for kvar
av dei 12 gardane.
Her kjem ein smakebit frå historia til Misje, fortalt av Olai Kristoffersen (f. 1902): «Mor var av husmannsslekt. Me hadde ikkje meir jord enn det som var på tunet, men me fekk lov til å bruka ein haug med nakne berg sør på øya. Me rodde ut på øyane og samla mold som me bar opp og fylte på berget. Seinare skar me tang. Så sette me poteter, dekte til med tang og la ei tynt lag med mold oppå».

Til toppen

Flere bøker av Halvor Skurtveit, Nils Kolle, Frode Fyllingsnes og Gunnstein Akselberg:

Bøker i serien