For ope hjarte (Innbundet)

noveller

Forfatter:

Tove Bakke (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2019
Antall sider: 234
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Fendre l'armure
Oversatt av: Bakke, Tove
ISBN/EAN: 9788252195767
Kategori: Romaner
Omtale For ope hjarte
Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske.
Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter ein rikmannsgut som drøymer om å bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med - men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske?
Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn - som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.

Til toppen

Andre utgaver

For ope hjarte
Nynorsk Ebok 2019

Flere bøker av Anna Gavalda: