Haustsong av Hans Sande (Ebok)
Ebok

Haustsong (Ebok)

dikt

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2021
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 1.43 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205559912
Kategori: Noveller, lyrikk og drama , Skjønnlitteratur og Noveller, lyrikk og drama
Omtale Haustsong
Hans Sande debuterte med diktsamlinga Strime i 1969, og i ein rik forfattarskap som omfattar bøker i dei fleste sjangrar, er Haustsong den sjette diktboka. Dikta er sprelske og slagkraftige, prega av overskot og rik fabuleringsevne. Haustsong femner eit livsløp, gjennom leik og arbeid, i sorg, fortviling og glede. Med fyndig humor og eit vake blikk for det omskiftelege i naturen så vel som i menneska, skriv Sande om fødsel og oppvekst, om gaukesyre og stjernehimmel, om ljåslått og skeiseløp, om språkglede og springeglede, om å gå seg vill og å finne heim. Her er dikt om kjærleik og samliv på det beste og på det verste; frå nærleik og sødme til sviande smerteblomar, frå varme kyss til iskald togn. Det er dikt om livet på veg mot ein endeleg slutt, med skildring av den uunngåelege aldringsprosessen og det ukjende som ventar, med dødsangst så vel som dødsro. Forfattaren er alltid på leit etter noko anna og ukjent, og i Haustsong har han funne det. Bokmeldarane meiner: "Om eg skal nemne to ting eg tenker som typiske kvalitetar ved Sandes dikt, er det for det første at dei er eksistensielt vågale. På sitt beste viser dei livsmot og klokskap. Det andre er at dei ofte kan vere overraskande, gjerne på ein humoristisk måte."
Stein Arnold Hevrøy, Krabben. Tidsskrift for poesikritikk  "Sande har ein fin diksjon, og eit så sikkert grep om handverket sitt at ein i løpet av mest 100 sider knapt kan ta han for slappe idear eller svake språklege bilete. (...) Det er noko klassisk over Hans Sande si nye diktsamling. Dikta er verkeleg personlege utan å vera private. Og det er dikt som kan stå for seg sjølv me har med å gjera, sjølv om dei òg går opp i ein storstruktur med fem tematisk skilde avdelingar."
Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen 

Til toppen

Flere bøker av Hans Sande: