Lærdalsmålet (Innbundet)

ord og uttrykk frå 1900-talet

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2020
Forlag: Kolofon
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788230021019
Kategori: Scenekunst
Omtale Lærdalsmålet
Ordsamlinga frå Lærdal er utarbeidd av Anders Skogen (1903-1989) frå Eri i Lærdal. Han var cand.philol. frå Universitetet i Oslo med norsk som hovudfag. Med unntak av ei femårig tilsetting i Norsk Ordbok, arbeidde han som lektor i skulen. Han begynte tidleg å samle ord og uttrykk frå Lærdal med tanke på å gje ut ei mest muleg komplett ordsamling.

Å lese boka er til inspirasjon for språkinteresserte. Ho kan gjerne lesast frå perm til perm. I døma på bruk av dei ulike orda får ein eit levande inntrykk av korleis folk levde i Lærdal på 1900-talet. Også dialektnyansar mellom Lærdal og Borgund og mellom Lærdal og Årdal er tekne med. Boka er eit viktig bidrag til å dokumentere lærdalsmålet slik det var i den perioden han skriv frå og slik det for det meste er i dag.

Til toppen