Profesjonsetikk i vernepleie av Karl Elling Ellingsen, Lars Rune Halvorsen og Einar Aadland (Ebok)
Ebok

Profesjonsetikk i vernepleie (Ebok)

Forfatter:

, og

Amund Nitter (Illustratør)

Last ned utdrag    

Forfatter: , og
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 208
Illustratør: Nitter, Amund
Kopibeskyttelse: Licensed Content Protection
Filstørrelse: 2.35 MB
Filformat: PDF
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234001857
Kategori: Helse- og sosialfag
Omtale Profesjonsetikk i vernepleie
Som vernepleiar må ein balansere mange omsyn, og handtere krysspress frå fleire aktørar. Brukarar skal behandlast med respekt og omsorg, ein skal samarbeide godt og effektivt med andre profesjonar og sikre høg kvalitet i eigen profesjonell praksis. I slike situasjonar kan ulike krav og forventningar ofte komme i konflikt med kvarandre. Dette er utgangspunktet for denne innføringsboka i profesjonsetikk i vernepleie.

I første delen av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. I andre delen ser ein på vernepleiarrolla, kva normer og verdiar som ligg til grunn, og kva utfordringar og problemstillingar som pregar arbeidskvardagen.

Her står sjølvbestemming og avgjerdsstøtte sentralt, men også problemstillingar rundt krysskommunikasjon, konflikthandtering og det å tale saka til den svake parten blir grundig behandla. Avslutningsvis blir forskingsetikk behandla i eit eige kapittel.

Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytta mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse», og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.

Karl Elling Ellingsen (f. 1955) er professor ved Avdeling for Institutt for psykisk helse (IPH), NTNU og leiar av Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU).

Lars Rune Halvorsen (f. 1979) er førstelektor ved Avdeling for helse- og velferdsfag ved Høgskolen i Østfold der han er studieleiar for vernepleiarutdanninga og masterstudium i psykososialt arbeid - helse- og sosialfagleg yrkespraksis. Halvorsen har særleg arbeidd med profesjonsutøving og profesjonsetikk, forholdet mellom sjølvbestemming og ivaretaking og systematisk miljøarbeid. I tillegg til brei undervisnings- og rettleiingserfaring, har han publisert ei rekkje vitskaplege publikasjonar, lesarinnlegg og kronikkar.

Til toppen