Alfabeta er eit norskverk for 1.-2. trinn. Alfabeta skal hjelpe eleven i gang med lese- og skriveprosessen og vere ei støtte for læraren, utan å styre. Verket legg til rette for systematisk arbeid med språkleg utforsking og grunnleggjande omgrep og gir mange idear til differensiering.
Alfabeta Språkdetektiven Beta er ei arbeidsbok for systematisk arbeid med språkleg utforsking. Her kan læraren plukke oppgåver fritt, tilpassa behovet til kvar einskild elev. Dette er boka som skal motivere elevane til å gå på jakt og utforsking i språket, og gi dei lyst til å bli språkdetektivar!