Dei dødsdømde (Innbundet)

dødsstraffa i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet

Forfatter:

Kristian Krohg-Sørensen (Illustratør)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 134
Illustratør: Krohg-Sørensen, Kristian
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234004452
Kategori: Ungdomsbøker
Alder: 12 - 16
Omtale Dei dødsdømde
Dømd til døden.

Dette er historia om dødsstraffa i Noreg og nokre av dei som blei avretta.

Ei kvinne blei brend i år 1301 fordi ho utgav seg for å vere prinsesse; ei anna blei brend på slutten av 1500-talet fordi folk meinte ho var heks. Ein tenåringsgut blei halshoggen etter å ha fått barn med si eiga søster på 1600-talet, og ei tenestejente som på 1800-talet viste seg å vere ein iskald seriemordar, mista hovudet under øksa til bøddelen. I denne sjokkerande og lærerike boka blir du også kjend med nokre av dei som hadde som jobb å avrette dei dødsdømde: skarprettarane.

Dødsstraffa blei ikkje avskaffa i Noreg før i 1979, men etter 1876 har ingen her i landet blitt avretta i fredstid.

I dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar, særleg sidan mange av dei kriminelle handlingane dei blei straffa for, ikkje lenger er straffbare. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger?

Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen.

Til toppen