«Menn ser, kvinner blir sett», skriv
kunsthistorikaren John Berger. Med
utgangspunkt i forteljingar frå eigne liv
diskuterer tre kvinner på kva måte blikket
til menn påverkar måten dei set seg
sjølv i scene på som kvinner - måten dei
begjærer og blir begjært på.
Samtalene tar utgangspunkt i konkrete
situasjonar - eit møte på eit fjordhotell,
ein samtale med ein teaterregissør, ei som
blir stalka på høglys dag, ei som kler av
seg bak eit kornete webkamera.
Kristina Leganger Iversen utforskar
ubehaget i situasjonar vi opplever kvar
einaste dag, anten det er i familien, blant
venner, mellom kunstnarar eller på
arbeidsplassen.