Island (Innbundet)

eit varmt portrett av ein fargerik kultur

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 381
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788279593010
Kategori: Reise
Omtale Island
Mange meiner at Noreg er det vakraste landet i verda - hadde det ikkje vore for Island. Frå nådelaus natur når dei kvite vinterstormane står på som verst, til den milde våren der lupinane dekkjer landet som ein blå brann. Island er høgt elska for det ville og vakre landskapet med sine store sletter, varme kjelder og eksotiske vulkanar som tek pusten av oss.

Gjennom levande reiseskildringar og interessante menneskemøte skriv Ottar Fyllingsnes fram eit fascinerande og varmt portrett av Island og islendingen. Dette er boka for den som verkeleg har lyst til å kome under huda på den islandske kulturen og bli kjend med sider ved det islandske samfunnet som ikkje kjem fram i tradisjonelle reiseguidar. Saman med dei slåande fotografia til Harald Hognerud blir boka ein komplett kulturhistorisk vegvisar til eventyrøya. Skildringane strekkjer seg frå sagatida og fram til dagens internasjonale og moderne Reykjavík, der vi mellom anna får bli med til ein kjend pølsekiosk som har hatt Bill Clinton som kunde.

Island er kåra til det mest likestilte landet i verda for elleve år på rad og er eitt av dei tryggaste landa å reise til som turist. I tillegg er landet ei kulturell stormakt, som har produsert noko av den vakraste musikken og litteraturen vi kjenner til. Fyllingsnes dykkar med denne boka djupt ned i den islandske kulturen, politikken og naturen for å prøve å finne svaret på kvifor den vesle øya har ei slik magisk tiltrekkingskraft på oss.

Til toppen

Flere bøker av Ottar Fyllingsnes: