Kriser vil komme, igjen og igjen. Ikkje av eitt slag, ikkje langs éin dimensjon, men ved eit uoversiktleg samspel av mange faktorar. Ein kan bli skremd av mindre.
Som statsborgar i velorganiserte demokratiske rettsstatar kan vi velje og bli valde, demonstrere og organisere oss, delta i debatten og halde oss oppdaterte på det som skjer og på det som kan gjerast. Som statsborgar i kriseramma moderne demokrati har vi makt, kvar på sitt vis, og dermed også medansvar.
Dette er bakteppet for denne boka, Krise og medansvar, ei samling politiske skrifter i skjeringspunktet mellom aktuelle utfordringar og filosofisk refleksjon.
Tolv tekstar med fokus på politikk og ekspertise, religion og modernitet, kultur og identitet, filosofi og øko-etikk.
Gunnar Skirbekk er filosof og forfattar, mellom anna av boka Norsk og moderne, om særeigne trekk ved norsk modernisering. Læreboka i filosofihistoria (engelsk versjon, A History of Western Thought), om vestleg modernisering, har gått silkevegen frå aust til vest, frå Beijing til Beirut, på kinesisk, usbekisk, tadsjisk, persisk, azeri, russisk, tyrkisk og arabisk.