Leif Rygg (Innbundet)

spelemannen og slåttearven

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 206
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788279593232
Kategori: Musikk
Omtale Leif Rygg
Leif Rygg (1940-2018) var riksspelemann og ein bauta i norsk folkemusikk. Han hadde ein heilt eigen tone i slåttespelet og var ein formidlar av rang. Rygg var lidenskapleg interessert i det han dreiv med, og hadde ei unik evne til å begeistre dei rundt seg. I tillegg til spelemann var han ein dyktig kulturentrepenør og organisator. Han arbeidde systematisk med rekruttering og opplæring for å halde folkemusikkmiljøet levande, og bygde opp spelemannskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss til eit akademisk studium. Leif Rygg sitt aller største bidrag var hans livslange arbeid for å vidareføre den rike vestlandske slåttearven.

I boka fortel sonen Steinar Rygg om korleis han opplevde far sin. I tillegg er mellom andre Håkon Høgemo, Gunnar Stubseid, Sigrid Moldestad, Liv Merete Kroken, Hans Bohm, Knut Buen og Håkon Asheim gjesteskrivarar.

Til toppen