Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir fødd. Ein gammal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr. Mellom dei to ytterpunkta i eit menneskeliv, fødsel og død, spenner denne konsentrert komponerte romanen seg ut i stort format. Johannes' liv er formidla ved dei to punkta, i eit språk som skriv seg inn mot inngangen og utgangen av livet.