Mørker mørke mørkt krystallar av Ann Jäderlund (Ebok)
Ebok

Mørker mørke mørkt krystallar (Ebok)

Forfatter:

Gunstein Bakke (Oversetter) Gunnar Wærness (Oversetter)

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2017
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 0.68 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Mörker mörka mörkt kristaller
Oversatt av: Bakke, Gunstein og Wærness, Gunnar
ISBN/EAN: 9788252192292
Kategori: Noveller, lyrikk og drama , Skjønnlitteratur og Noveller, lyrikk og drama
Omtale Mørker mørke mørkt krystallar
Mørker mørke mørkt krystallar frå 1994 blir av mange rekna som ei av dei viktigaste bøkene i Ann Jäderlunds forfattarskap. Ho kom midt i ein serie av bøker som utmerkjer seg ved tilsynelatande strenge ytre former. Den trokeiske rytmen ber alt som blir sagt gjennom heile boka, og gestaltar tydeleg tid og rom, steg og nærvær. Denne karakteristiske rytmen er blitt brukt av Jäderlund seinare i forfattarskapen i ulike former. Boka er ordna som ein gang gjennom årstidene, frå ein vinter til den neste, der mellom anna tre, lauv, vatn, geit, fugl og menneske blir skildra og omskrivne i seriar, der små endringar i perspektiv og stadige gjenkomstar utvidar både tida og rommet. Gjendikta frå svensk av Gunstein Bakke og Gunnar Wærness.

Ann Jäderlund (f. 1955) er svensk forfattar, først og fremst lyrikar, men har også skrive dramatikk. Sidan debuten Vimpelstaden i 1985 har ho konsekvent følgt ei eiga linje: Ho lèt ikkje berre orda ha det innhaldet dei har i kvardagsspråket, men gjennom å la språket synge vinn ho ut nye og løyndomsfulle tydingar frå orda. Rytmen er viktig i hennar dikt, og ho held seg gjerne med visse ord, som etter kvart får sterke ladingar.

Til toppen