Motsegn (Innbundet)

forholdet mellom kommunalt sjølvstyre og statleg styring i saker som gjeld areal- og miljøforvaltning

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2023
Antall sider: 420
Forlag: Karnov group
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788293816386
Kategori: Jus
Omtale Motsegn
Kva rettsleg vern har det kommunale sjølvstyret i motsegnsystemet? Og er dette eit spørsmål om juss eller om politikk?

Plan- og bygningslova sitt system med motsegn («innsigelse») som verkemiddel for statleg kontroll med kommunal arealplanlegging er ofte ei rot til konflikt. Ein viktig grunn til det er at motsegner flyttar kompetansen til å gjere endeleg planvedtak frå kommune til stat. Slik blir forholdet mellom omsynet til kommunalt sjølvstyre og omsynet til statleg styring sett på spissen.

Boka Motsegn problematiserer både dei overordna rettslege rammene for det kommunale sjølvstyret og korleis vi skal forstå grensene for kompetansen til dei forvaltningsorgana vi møter i motsegnsystemet: motsegnsorgana, statsforvaltaren som samordnar og meklar og depar-tementet som avgjerdsorgan. Søksmålsretten som kommunane fekk i 2018, aktualiserer også spørsmålet om kva rolle domstolane kan spele i saker som gjeld kompetansedelinga mellom stat og kommune. Temaet i boka er såleis aktuelt for alle som arbeider med arealplan-legging og med tvisteløysing i saker mellom stat og kommune.

Til toppen