Namdalens historie (Innbundet)

Band 3

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2023
Antall sider: 583
Forlag: Museumsforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788283051162
Kategori: Historie
Omtale Namdalens historie
Namdalen er ein stor region nord i Trøndelag, sør for Helgeland. Store skogar, innsjøar og fleire fjellområde dekker mykje av distriktet, som samtidig òg har eit særeige kystlandskap. Frå gamalt batt elva Namsen saman namdalingane, der dei møttest til marknadane i Overhalla og Nærøy. Tida etter 1837 endra denne fellesskapen, med nye samband og sosiale skilje. Namdalen vart opna opp for verda, men òg pressa av sentralisering. I denne boka ser forfattar Øystein Lydik Idsø Viken på dei lange linene i nyare tid.

Dette er forteljinga om dei ulike namdalingane, om samhaldet i utkantopprøret, om striden i ressurskampen. Venstrerørsla og bonderørsla, avhaldsfolket og ungdomslaga - motkulturane har vore sterke og motsetningane tydelege. Bygderadikalisme har stått mot nasjonal konservatisme og innbiten arbeidarkamp mot hevdvunnen paternalisme. Sterk lekmannsforkynning på kysten skilde seg frå frilyndt folkekultur i innlandet. Samisk organisering starta her, i møtet med press på reindrifta og kulturell assimilering. Det namdalske samhøyret er bygd på sosial nærleik og sterkt kulturelt fellesskap, men det har òg skapt grobotn for sjåvinisme og framandfrykt.

Hav, jord og skog - økonomien i Namdalen har vore bygd på naturressursar. Sagbruksnæringa vaks kraftig i andre halvdel av 1800-talet, og primærnæringane vart sterkt moderniserte. I mellomkrigstida kom baksmellen, med mindre etterspurnad etter tømmer og sviktande fiske til dårlege prisar. Sjølvberginga i småbruk og tradisjonelt heimefiske vart då heller redninga for mange, før dei store omleggingane her kom i etterkrigsgenerasjonen. Industrialiseringa nådde aldri dei store høgdene i Namdalen - i staden endra havbruksnæringa regional næringsstruktur. Opplevingsturismen i laksefiske og jakt har samtidig vore viktig gjennom heile perioden. Ei slik hausting av naturen har skapt store endringar i landskapet: anten det gjeld utrydda rovdyr eller rovhogst, har Namdalen fått merke nytida på mange vis.

Finst det ei namd

Til toppen