Rubin Langmo (Innbundet)

krigshelten som forsvann

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 287
Forlag: Kolofon
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788230024027
Kategori: Historie
Omtale Rubin Langmo
Dette er historia om ein av våre største krigsheltar, Oslo-ungdommen Rubin Langmo. På Raufoss 10 april 1940, 20 år gammal, meldte han seg på kontoret til majoren som hadde ansvaret for å registrere menn som ville kjempe mot den tyske invasjonen. Majoren nekta å fylle ut nødvendige skjema fordi Langmo ikkje hadde utført 1. gongs teneste i forsvaret. Han bad Langmo dra heim til Oslo og gjekk frå kontoret. Langmo fylte ut skjemaet og fekk utlevert våpen og uniform.
4 år seinare vart Langmo Kaptein i den norske hæren. Så langt ein kjenner til utan noko form for militær utdanning frå Det norske Hæren.

Den britiske historikaren William Mackenzie har skrive historia til SOE - Special Operations Executive - sabotasje- og spionorganisasjonen der Martin Linge bygde opp og fekk ansvaret for den norske avdelinga, etter krigen kjent som Kompani Linge. Mackenzie skriv fritt omsett:
«Rubin Langmo var ein av SOEs beste menn. Han var verkeleg modig og eit dedikert medlem av Linge-kompaniet». Truleg var Langmo den første som vart rekruttert til kompaniet av Martin Linge i august 1940 under namnet Ruben Larsen.
Langmo flykta til England frå Ålesund 6. mai. På sabotasje- og spionoppdrag i Norge frå juni 1940 med minst 7 ulike norske pass. Han var ein av dei to nordmennene som var med i det misslukka raidet mot Dieppe 19. august 1942.

Til toppen

Flere bøker av Svein Linge: