Slaveliv (Heftet)

Forfatter:

Astrid Sverresdotter Dypvik (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2023
Antall sider: 73
Forlag: Existenz forlag
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Sklaven leben
Oversatt av: Dypvik, Astrid Sverresdotter
ISBN/EAN: 9788269190984
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Slaveliv
Skodespelet «Slaveliv» tek publikum med på fleire ulike tankeeksperiment for å snu på vande førestillingar, ofte ved hjelp av små, enkle og provoserande grep. Det minner om ein slags heseblesande montasje der vi skal gjennom mange uttrykk og sjangrar. Slaveliv er ein kabaret over forbrukarsamfunnets blindsoner. Klede, elektronikk, matvarer, skjønnheitsprodukt, store idrettsarrangement - heile den vestlege levestandarden er fundert på at nokon gjer ein jobb under forhold vi aldri kunne finne på å akseptere. Vi veit at det finst, men vi vel alle aktivt å fortrengje den uretten som ikkje rammar oss sjølve. Slaveliv er eit slags brechtiansk lærestykke på speed.

Konstantin Küspert (f. 1982) er ein tysk forfattar, omsetjar og dramaturg. Han arbeider i dag ved teateret Schauspiel Frankfurt. Han studerte germanistikk, politikk og filosofi ved universiteta i Wien og Regensburg og sceneskriving ved Universität der Künste i Berlin. Han har skrive stykke om politiske temaer som nynazisme og moderne slaveri. Küspert fekk i 2017 publikumsprisen ved Mülheimer Theatertage for stykket forsvare europa (europa verteidigen).

Til toppen