Vitskapsteori i sosialt arbeid av Dag Jenssen (Ebok)
Ebok

Vitskapsteori i sosialt arbeid (Ebok)

tilnærmingar og normative spørsmål

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2021
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 7.22 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234002052
Kategori: Sosialt arbeid
Omtale Vitskapsteori i sosialt arbeid
Forsking og vitskap handlar om å skaffe seg påliteleg kunnskap. I denne boka gir forfattaren ei innføring i dei grunnleggande føresetnadene for kunnskap innan sosialt arbeid.
Etter ein gjennomgang av dei ulike kunnskapstypane i sosialfaga tar forfattaren for seg dei viktigaste tilnærmingane til kunnskapar innan feltet: fortolking, naturalisme, kritisk teori, teorien om rasjonelle val, sosialkonstruktivisme og realisme. Boka viser at tilnærmingane ikkje nødvendigvis står i motstrid til kvarandre, men at dei gjerne er å finne i kombinasjon og utfyller kvarandre.
I tillegg til denne pragmatiske forståinga drøftar boka normative spørsmål som dels går på tvers av tilnærmingane, dels er særskilde for kvar enkelt av dei. Kva rolle bør for eksempel politiske og moralske verdiar spele i forsking? Finst det kriterium for gode tolkingar? Kva må vi tenke på i overføring av vitskaplege resultat, for eksempel frå eksperiment til praksis? Og kva for spørsmål reiser bruken av biologiske innsikter i sosialfaglege og sosialpolitiske samanhengar?
Boka inneheld også ei fyldig liste med forklaringar av sentrale omgrep i vitskapsteorien.

Til toppen

Andre utgaver

Vitskapsteori i sosialt arbeid
Nynorsk Heftet 2021