
Leseløve - Kjendisen
Av Rune Belsvik
Laster...
"Rune Belsvik er ein viktig forfattar.
Også når han skriv Leseløver. [...] Boka kjem ikkje med openlys
kritikk, langt ifrå, men gjennom
den enkle historia om vennene
Mo og Unn og deira møte med
Kjendisen, som kjem til bygda
for å syngje på kafeen, siv det
inn nokre strimer av elegante
perspektiv og opplegg for etiske
refleksjonar. [...] Det er eggande for
lesaren sin eigen fantasi når det
skrivne er så knapt. Du får nokre
knaggar, og så må du skape deg
dine eigne bilete inne i hovudet. [...] Her er litt av kvart
både å tenkja på og tala om. [...] Boka er gjennomillustrert
av Kari Stai. Ho har
treft den truskuldige tonen i forteljinga
svært godt. Med sikker
sans for nyansar har ho teke på
kornet ei rad av rørsler [...] Til saman skaper dei to
ei nydeleg bok med mange lag i."– Marianne Lystrup, Vårt Land
"Å skrive slik at dei som nett har lært å lesa, får lyst til å fylgje forteljinga, er ein kunst. Å skrive slik at ein kjenner tidsånda suse elegant mellom linene, er strålande. I den vesle boka Kjendisen tek Belsvik tak i dette merkelege i vår tid, at vi er så opptekne av kjendisar. Det er blitt ei nydeleg bok med mange lag i, også takk vere Kari Stai, som har truffe den truskuldige tonen i forteljinga svært godt med sine strekar."
– Marianne Lystrup, Vårt Land, kritikernes favoritter 2015
"Kjendisen er på vei til konserten han skal holde i Tullevik, han må bare ut i skogen for å tisse først. Der ramler han uheldigvis ned i et hull. Mens de voksne venter på konserten, finner Mo kjendisen. Mo vet å utnytte situasjonen! Lesetreningsboken lar lesere fra 7 års alder kjenne på en herlig makt over de voksne. Språket er enkelt uten å miste verken lunheten eller futten. Illustrasjonene gjør historien enda morsommere, mer spennende og overraskende."
– Guri Fjeldberg, Bergens Tidende, kritikernes favoritter 2015