En kort introduksjon til Sovjetunionen
Av Kåre Johan Mjør, 2023, Heftet
- Akademisk
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 399,-
Denne boka er ei aktuell og oppdatert framstilling av Sovjetunionens historie, frå revolusjonane i 1917 og unionsavtalen i 1922, til oppløysinga i 1991. Sovjetunionen var eit heilt sentralt kapittel i europeisk og global 1900-talshistorie, og verda er framleis prega av arven frå unionen, 30 år etter at han forsvann.
Sovjetunionen var eit forsøk på å skapa ein stat for den frigjorde arbeidarklassen og for frigjorde nasjonar. Dei sovjetiske folka var likevel ikkje frie, og Sovjetunionen kom til å bli ei vidareføring av Det russiske imperiet frå før 1917. I unionen av sovjetrepublikkar fanst det mange spenningar mellom sentralmakta i Moskva og dei ulike regionane, og sovjetisk nasjonsbygging og nasjonsundertrykking får ein sentral plass i boka.
Dei ulike kapitla tek også føre seg den marxistisk-leninistiske ideologien og eittpartistaten, og syner korleis Sovjetunionen vaks fram som eit storstilt og brutalt moderniseringsprosjekt med planøkonomi og femårsplanar, fangeleirar, utreinskingar og deportasjonar, men også med ein rik litterær produksjon og eit kulturliv som påverka ei heil verd.
– Petia Mankova, Scando-Slavica, 02.03.2026«To fit the history of the Soviet Union within this limit might seem a backbreaking task. Nevertheless, the book gives a comprehensive recapitulation of the Soviet history, combining scholarly authority with an accessible writing style. [...] Completed with some additional materials, the book can serve as an excellent introductory survey for undergraduate students. It provides a balanced view of Soviet history and culture for anyone interested in this subject.»

