Hoggormen
Av Bjørn Arild Ersland, 2014, Innbundet
Fri frakt på bestillinger over 299,-
"Hoggormen er førebels siste dyr i ut i norske sakprosautgivingar for små barn. Dyr er ein viktig kategori i moderne sakprosa for dei yngste, kanskje fordi temaet eignar seg godt i bildebøker. […] Bjørn Arild Ersland skriv først ein rytmisk og språkleg gjennomarbeidd prosatekst. […] Andre del av boka er ein faktadel, der Ersland har samarbeidd med ein ekspert. Dette sikrar boka fagleg legitimitet. Hoggormen er ei visuell utfordring. Fotografi blir ikkje brukt i det heile, for stilisert illustrasjon er vel så eigna til å få fram anatomi, rørslemønster og ikkje minst ormeskinn. Alice Lima de Faria legg dessutan mykje vekt på sjølve skogen, med tre, planter, snø, dyr og menneske. Boka får slik ein viktig dekorativ dimensjon og lesaren vil kjenne seg igjen i barnet som utforskar skogen. […] Blikket betyr mykje når ormen skiftar ham, konkurrer om partnar, kurtiserer og jaktar. Saman med nokre få humorelement gir dette boka ein emosjonell appell."
– Ingeborg Mjør, Dag og Tid
