Hvor gammel blir en tiger?
En bok om katten Pi og hvorfor ikke alle lever like lenge
Av Bjørn Arild Ersland, 2016, Ebok
Sendes umiddelbart
Ved kjøp av digitale produkter gjelder ikke angrerett.Lydbøkene og e-bøkene lagres på Min side under Digitale produkter, hvor man enkelt kan laste dem ned.
"Bjørn Arild Ersland og Per Dybvig har laga ei usentimental bok om livets lengd. [...] Grunnforteljinga om katten og eigaren er etablert på ein morosam og – sidan det trass alt handlar om at katten snart skal dø – lett melankolsk måte. [...] Det er eit mangfaldig ekspertpanel Ersland har skaffa seg [...] og desse ekspertane sikrar boka variasjon og framdrift. [...] Per Dybvig har laga livlege illustrasjonar som står skeivstilt til teksten. [...] Elles skapar illustrasjonane små humoristiske poeng ut av det meir kvardagslege og underfundige i teksten. Hvor gammel er en tiger? har ei behageleg usentimental framtoning, og sjølv om kunnskapen om aldring naturleg nok vekkjer tankar om livets slutt og meininga med det heile, er den frigjerande fri for nokon påtvinga høgare himmel. Der eg mistenkjer at andre forfattarar ville ha brukt høvet til å gni lærdomar om død og sorg og livets – akk! – så forgjengelege natur, held Ersland seg til saka, og konsentrerer seg om å hente inn og dele ut kunnskap."
– Eivind Myklebust, Barnebokkritikk.no
