Sinus HS Basis er ei alternativ arbeidsbok og eingongsbok for elevar på helse- og oppvekstfag som tek matematikk 1P-Y på vidaregåande. I basisboka er lærestoff og oppgåver forenkla, og elevane kan rekne og skrive svara sine i boka.
Sinus HS Basis er ei fullverdig lærebok for elevar som heilt eller delvis treng eit enklare opplegg i faget, samtidig som målsetjinga til læreplanen til fagfornyinga LK20 er oppfylt. Boka følgjer kapittelinndelinga i Sinus HS (2026), men legg meir vekt på den grunnleggjande matematikken og har mindre omfattande teoristoff. Det vanskelegaste teoristoffet er teke ut. Døme og oppgåver er i stor grad henta frå daglegliv og frå aktuelle arbeidsplassar for elevane.
Boka gir læraren eit betre verktøy for differensiering enn det den ordinære grunnboka kan tilby. Straks etter døma følgjer enkle oppgåver slik at elevane kan øve på det dei har lært. Elevane løyser oppgåvene direkte i boka, og dei får ofte hjelp til å løyse oppgåvene med hjelpetekst og markerte skrivefelt. Hjelpeteksten er markert med ein eigen skrifttype og farge slik at han lett skil seg frå resten av teksten. Etter kvart går elevane over til meir sjølvstendig løysing av oppgåvene. Boka har også ein eigen oppgåvedel til kvart kapittel. Desse oppgåvene løyser elevane i kladdeboka si.
Sinus Elev- og lærarnettstad (LK20)
Elevgruppene som nyttar seg av Sinus Basisbøker, kan ha godt utbytte av å løyse ulike typar oppgåver som er tilgjengelege på elevnettstaden til Sinus. Her finn dei også løysingsforslag, animasjonar og videoleksjonar. Dette gir alternativ innlæring av lærestoffet. På lærarnettstaden finn læraren forslag til kapittelprøver, halvårsprøver og årsplanar.
sinus.cdu.no